GRIEG VENDER TILBAKE TIL FOSSLI HOTELL
16. juni 07

Det er i år 100 år sidan komponisten Edvard Grieg gjekk bort, og dette vert markert med ein konsert på Fossli hotel i Eidfjord søndag 17. juni kl. 1500. Folkesongaren Unni Løvlid og pianisten Joachim Kjelsaas Kwetzinsky vil framføre "Norske folkeviser opus 66", eit verk som Grieg komponerte då han oppheldt seg på Fossli hotel sommaren 1896. Grieg var ven av Ola Garen, som bygde Fossli hotel, og konserten vil òg vere ei markering av at det i år er 150 år sidan Ola Garen vart fødd.

GRIEGS OPUS 66. "Norske folkeviser opus 66" består av folketonar som Grieg tolka og omarbeidde til klaverstykke. Dei fleste er frå Jotunheimen og mest kjend er Gjendines bådnlåt, som vart sunge for Grieg av den 19 år gamle seterjenta Gjendine Slålien på Skogadalsbøen i 1891. Det som gjer dette verket spesielt interessant, er den dristige, personlege harmonikken han nyttar. Grieg skriv sjølv om korleis han sat på Fossli og komponerte og sette "hårreisende akkordforbindelser på papiret.(...)Når man har Vøringsfossen under seg, føler man seg mer uavhengig og våger mer enn nede i dalen." Musikarane vil framføre folkevisene både i original- og klaverversjon. Nåverande hotellinnehavar Erik Garen, som sjølv er oldebarn av Ola Garen, vil dessutan halde ei innleing der han fortel om dei mange besøka til Grieg på Fossli og om venskapet med Ola Garen.

PIANO FRÅ GRIEGS TID. Under konserten vert det nytta eit piano som har stått på Fossli hotel sidan Griegs tid, og som vert restaurert til konserten. Det er naturleg å tru at Grieg har spelt på dette pianoet under sine opphald på Fossli. Særleg interessant er det at det kjende pianostykket "Bryllupsdag på Troldhaugen" kan ha vore skrive til ei fødselsdagsfeiring på Fossli i 1896, då med tittelen "Gratulanterne kommer" og undertittelen "Allegretto giocoso à la Fosli".

MUSIKARANE. Unni Løvlid og Joachim Kjelsaas Kwetzinsky er ute på ein lengre
turné med dette programmet til stader som Bangladesh, Jotunheimen, Oslo,
Bergen og Island. Dei representerer begge Grieg07 og er del av Grieg Force.
 
Løvlid er ein av våre mest etterspurde og allsidige folkesongarar. Ho vart i fjor kåra til "Årets folkemusikkartist" på Folkelarm. Kwetzinsky er aktiv som konsertpianist i Norge og i utlandet. Han vart i 2004 plukka ut til Rikskonsertene sitt lanseringsprogram Intro-klassisk.

Konsertoversikt:

Søndag 17/6 – Eidfjord, Fossli hotell
Fredag 22/6 – Luster, Turtagrø hotell
Lørdag 23/6 – Vang, Eidsbugarden hotell
Søndag 24/6 – Årdal, Vetti gård (Nasjonalparkfestivalen)
Onsdag 4/7 – Siglufjörður/Island (Siglufjörður folkemusikkfestival)
Torsdag 5/7 – Hafnarfjörður/Island, Hafnarborg
Lørdag 21/7 – Lom, Nordgard Aukrust (Foredrag og konsert, Gardmillom)
Søndag 22/7 - Lom, Nordgard Aukrust (Foredrag, Gardmillom)
Mandag 23/7 – Lom, Spiterstulen
Tirsdag 24/7 – Lom, Leirvassbu
Fredag 27/7 – Oslo, Nasjonalgalleriet (Oslo Grieg Festival)
Lørdag 4/8 – Bergen, Troldsalen (Troldhaugens sommarkonsertserie)



Unni Løvlid
 
Joachim Kjelsaas Kwetzinsky, Foto: C.F. Wesenberg/kolonihaven.no
  

 
ARKIV:
25.09.07 I denne anmeldelsen som vi viderebringer fra Bergens Tidende, skriver Espen Selvik om MiN-ensemblets konsert under Septemberfestivalen.
LES MER

17.09.07 I anledning Grieg-året skal pianisten Joachim Kjelsaas Kwetzinsky til St. Petersburg og Athen for å fremføre Griegs klaverkonsert i a-moll.
LES MER

05.09.07 Denne helgen besøker MiN-ensemblet fra Nordland Bergen. De har to konsertprogram å by på: Ole Bulls-Hits og Kontinentale impulser.
LES MER

04.09.07 5. og 6. september markerer BFO 100årsdagen for Griegs død med Grieg galla. Leif Ove Andsnes er solist i amoll-konserten, mens en rekke skuespillere medvirker ved utdrag av Peer Gynt i konsertversjon.
LES MER

31.08.07 EKKO 2007 samarbeider dette året med Grieg 07 og Rikskonsertene. Fredag kveld kunne dermed improbandet Puma og Lasse Marhaug oppleves på Landmark.
LES MER

08.08.07 3. august mottok Leif Ove Andsnse Peer Gynt-prisen. - Peer Gynt hadde mange drømmer og meninger som er fremmede for meg. Jeg er vel mer i slekt med Edvard Grieg, som stadig ville ut, men alltid lengtet hjem, sier han i et intervju med BT.
LES MER

20.06.07 Grieg Force-utøverne Joachim Kwetzinsky og Unni Løvlid går for tiden i Jotunheimen i Edvard Griegs fotspor. Mandag holdt de konsert i Fjordstova i Luster, i Skjolden innerst i Sognefjorden. I går spilte de på Fossli hotell, hvor Grieg skrev sine "Norske folkeviser opus 66". Følg med på Joachim og Unnis blogg fra turen!
LES MER

Gå til arkiv